Related Posts with Thumbnails

Marsjtrening = AU! + GRATULERAR MED DAGEN

Etter litt marsjtrening der eg prøvde å gå inn dei nye to-nummer-for-store marsjskoa mine, så har eg prestert å få med to store grusomme gnagsår på begge hælane mine. Det er vertfall ikkje spessielt godt kan eg fortelje. Om du då ikkje har erfart det sjølv, men det kan eg jo nesten love at du har. Vell grunnen til at eg har altfor store sko er fordi eg skal gå Nijmegen i sommar. Altså ein nederlandsk millitær marsj der eg skal gå 4,2 mil kvar dag i fire dagar. Altså til saman 17 mil. Det blir fire veldig lange dagar. Vi har fått beskjed om at føttene våre kjem til å hovne opp ganske mykje og at vi derfor må ha for store sko.

Snakka såvidt med Fine-Kine, som tilfeldigvis er medic og kan kome med tips og dermed redde livet mitt.
Ho foreslo fotbad med grønnsåpevatn, eg gledar meg absolutt ikkje, ettersom føttene mine kreperar berre eg får ein dråpe vatn på dei. Men må ein så må ein. Skal også prøve å komme meg inn i dei litt for små permskoa mine i morgon (eller i dag blir det vell), sidan det tross alt er 17. mai. Dei er allerede vonde å gå i, så det blir ei utfordring. Men ein kan jo ikkje vere i forsvaret utan utfordring vell, HE HE.
Så vi kryssar fingrane for at godaste Kine har rett, at føttene mine blir bedre og at eg ikkje dør i morgon av permskoa mine, men om eg gjer det vil eg gjerne at det skal stå på gravsteinen min.

EDIT: Eg overlevde fotbadet, det gjorde utruleg nokk ikkje vondt, rart.

Eg gledar meg eigentlig litt til å ha på meg permuniformen igjenn, synast faktisk den er litt fin, sjølv om den har vore hata så mange gongar. Men det spørs om eg får føttene i skoa.

Får eg det, så skal eg stolt gå rundt å vise fram uniformen min.

 

GRATULERAR MED DAGEN GODTFOLK!

Kvardagstull

No nærmar det seg ei ny runde med intervju til fotograflærling her oppe på Andøya Flystasjon. Eg huskar den i fjor veldig godt, sidan det er grunnen til at eg sit her no. Om mindre enn to veker kjem tre nye og skal kjempe om kven som får plassen til hausten når eg då vert andreårslærling, utruleg spennande. Har store forhåpningar, og trur det blir veldig spennande. In other news så har eg endelig fått møtt ein av dei to jentene eg skal sove på rom med på nyekasserna om vi nokon gong flyttar inn, ho verkar heldigvis veldig grei. Så er veldig glad for det.

Sist veke når eg såg ut vindauget trudde eg endelig det hadde blitt vår, men nei. Heile den veka her og i helga så har det snødd i massevis, som igjenn har resultert at når eg går den halvtimen til jobb kvar dag så har eg blitt nesten heilt kamulfert av snøen. Ikkje mykkje grønn kammo igjenn på uniformen då nei. Men hey. Eg likar snø, men hadde jo vore greit om vinteren skulle bestemme seg om han var ferdig eller ei. Litt stress når været byttar så raskt. Men herregud skal absolutt ikkje klage, når vi har det så fint som vi har det.

Dei siste dagane har eg vore aleine på jobb, noko som eigentlig er ganske deilig. I går var det desuttan ein heil del ting som måtte gjerast, sånne dagar likar eg særs godt. Spessielt dagar der eg har så mykje å gjere at eg nesten ikkje får såtte meg ned, men på ein måte så er eg glad eg ikkje har dei dagane så veldig ofte, for det er jo også ganske stressandes.

Nei må vell få sjå til å få jobba litt, har lova Lise å hjelpe ho med noko velferdsgreier i tillegg til at det kjem innom sikkert tre stk litt seinare å skal bli fotografert i T1. Som igjenn minnar meg på at eg forhåpentligvis får ny uniform no. Men skjørt. Like it, Love it!    Kjem sannsynligvis litt bilete frå ein photoshoot eg hadde i går med brp, kjem nokk litt seinare i dag eller i morgon. Morosamt var det vertfall.

See ya

See ya

See ya

Oppdatering + bilete frå bartenderkurs

Sidan sist gong eg var innom her har det gått ca 4,5 måned, som betyr at eg har kome ein god del lenger i læretida mi. Eg elskar det berre meir og meir for kvar dag som går. No går dagane fram mot då herlige 1103 kullet skal dimme. Eg mislikar det veldig veldig sterkt. Det betyr også at vi no snart er det eldste kullet på leiren, som igjenn betyr at kullet mitt også snart skal dimme, medan eg blir igjenn eit år ekstra. Det blir fantastisk å skulle fortsette. Men å skulle seie hade til kullet mitt blir grusomt.

No nærmar også dagane seg fram mot då vi skal flytte inn i nyekasserna (trur eg då vertfall). Vi skulle jo eigentlig flytte inn i september, men det blei utsatt. Til dette har eg også veldig blanda følelsar. Eg elskar å bu aleine, men samtidig så er jo Norcan (kasserna vår) ganske så falleferdig, så det skal bli godt å flytte inn i noko heilt nytt. Har også nett fått vite at eg skal flytte inn på seksmannsrom saman med to nye jenter som ikkje har kome oppover ennå. Begge to er skvadronsjenter så eg håpar dei er veldig grei, sidan eg både skal bu saman med dei og samarbeide med dei.

Sidan sist gong eg skreiv her, har eg også vore på fire kurs, som betyr at eg no har bartenderkurs, vekterkurs, ordensvakt og SRC/VHF sertifikat. Hipp hurra for det. Har vore veldig spennande og lærerike kurs med eksamen ved kvar kursslutt. Har tenkt å ta fleire snart, men ikkje heilt ennå, har jo ennå 1,5 år igjenn.

Fleire bilete kjem, men vi startar med nokre få frå då Eg, Gøril, Anine, Andreas, Lise og Thomas var på Bartenderkurs.


















Fjelltur

Som eg trur eg kanskje har nevnt i eit av dei tidlegare innlegge her frå Andøya, så var vi på fjelltur dei to fyrste søndagane vi var her. Den fyrste gongen måtte vi avbryte på grunn av ei som hadde beinhinnebetendelse (trur eg det var). Medan vi andre laurdagen klarte å fullføre. Det var ein utruleg fin tur på nokre timar, og eg som fotolærling måtte jo sjølvsagt dokumentere det heile. Så her kjem litt bilete frå begge turane, men mest tur nummer to.




Herr Norstrand

Godgjengen!  F.v Håkon, Marius, Line & Andreas

Nydelig utsikt på fjelltopp nr 2 (?)

Line & Marius måtte sjølvsagt skrive seg i boka når vi var kome på toppen (det måtte nokk vi andre og)

Skjønne Paasche. Vår alles Påskehare

Andreas på toppen



Marius









Marius måtte utfordre sjebnen litt når han fyrst hadde kome heilt opp

Noah's dyrbare øy

Bilete som bevis på at eg og var på toppen. Hint: Eg er den bakerste tullingen med raudt hår.

"han vaske rutene på raudt lys"

Heyhey. Ei bittelita oppdatering. Her i Andenes skjer det eigentlig ikkje så veldig masse anna enn at eg kosar meg veldig. Akkurat no er eg berre veldig glad for at det endelig er fredag og helg. Har vore ei litt lang veke, men er samtidig utrulig glad for at eg har begyndt å kome skikkelig inn i jobben, blitt meir kjent med dei på jobb og alt det der. Men anna enn det så har dette eigentlig berre vore nokk ein vanlig dag på Andøya Flystasjon. Får berre fleire og fleire arbeidsoppgåver. Så lenge jobben er fin, noko den er så er alt bra. Eg likar forsvaret berre meir og meir. Kanskje litt på grunn av alle dei herlige soldatane, men uansett. Livet er bra.


Tittelen på innlegget har forresten absolutt ingenting med innlegget å gjere, anna enn at eg høyrde på "Mys" av Gnom då eg skreiv det.

Fyrste litt skikkelige jobbmandag

Heyhey. I dag begyndte dagen som vanlig halv 8, sjølv om eg var klar for action litt over 7. Sjefen var sjuk i dag også, og dermed blei det til at Andreas (andreårslærlingen) blei sjefen min i dag. Den fyrste oppgåva eg fekk var eigentlig å berre fortsette på det eg gjorde på fredag, altså redigering av stabtavle, for så deretter å printe den ut med riktige instillingar og beskjere dei. Fargane og alt blei heldigvis veldig bra, "I've finally done something right". Etter det fekk eg beskjed om at eg måtte ein tur inn å sjå i Orion, spennande. Gledar meg til eg skal ut å fly. Så blei det leiking med studioblitzar og portrettfotografering av ein ny som skulle på stabstavla og filmredigeringsvideo resten av dagen. Samt ein halvtimes vandring på stranda rett før jobbslutt, fordi eg skulle bli kjent med utstyret. Synast fortsatt det er utruleg uvannt og bruke Canon. Likar fortsatt Nikon mykje bedre. 

Resten av dagen gjekk til stort sett filmsjåing og avslapping. No trur eg at eg skal sove litt, sidan eg sannsynligvis på stå opp litt tidlegare i morgon fordi det er godt mulig at eg må gå til jobb, noko som tek ca 30 minutt har eg høyrt. Wish me luck.


Ja også ein siste ting. Her har vi vell eigentlig dagens outfit. Har fått med meg at det fortsatt er ganske så populært, så tenkte eg skulle prøve meg på det. Antrekket er grønnt og kjem rett frå depoet på Madla. Hurra for det.



M04 <3

dag fire - sju

Dag fire

På torsdagen brukte eg mesteparten av tida til å merke kamera, objektiv og minnekort. Nei vent, eg brukte ikkje mesteparten av dagen på det. Eg brukte HEILE dagen min på det. Å skrive ned produktnamn, serienummer og alt det der. I tillegg så måtte eg merke minnekorta med nr, for så å føre det inn på pcen sida vi snart skal ha kontrollsjekk på alt utstyret. Drittjobb eigentlig. Men det gjekk jo veldig greit, godt å vere ferdig med det då. Etter jobb var Eyvind så snill at han hadde henta begge baggane mine, så tok fekk eg ...... endelig stridsvesten og feltuniformen. Dei har eg absolutt ikkje sakna, men eg fekk også nokre av dei sivile kleda mine. Eg og Eyvind hadde og feltrasjonfest på rommet til Lise om kvelden. Eg har fortsatt utrulig masse mat igjenn frå feltuka, så tenkte vi skulle ete opp litt av den.   Veldig lite spennande som skjedde den dagen eigentlig.

Dag fem

Siste jobbdag denne veka, og også slutt på arbeidsveka, det var deilig. Starta dagen med trening (fyfo), der vi blandt anna hadde sirkeltrening, samtidig som eg og Tor Ole hadde styretrening fordi vi var skada og ikkje kunne halde på med fotball på slutten. Kjennte det godt i beina og magen etterpå for å seie det sånn, så det må vell vere eit godt teikn. Sidan eg hadde fyfo i dag så begyndte eg ikkje på jobb før ca kvart over 10, som betyr superkort arbeidsdag. Gjekk utrulig raskt frå eg begyndte til det var lunsj, og etter lunsj reiste sjefen heim fordi han var sjuk. Dermed blei det kun meg og Andreas igjenn på kontoret, og til tider Thomas som sto leeenge og prata. Ca to timar etter at eg var ferdig med jobb skulle vi på velferdskinotur til Stokmarknes, som ligg mellom 1,5 og 2 timar unna med bil. Vi var så heldige å ha fått lånt minibuss og hadde også med oss ein superkoselig bussjåfør som hadde jobba i forsvaret sida 1969 trur eg, og som fortsatt jobba her. Vi var ikkje så altfor mange med på turen men vi var vell (Bussjåfør, Paasche, Thomsen, Kvilstad, Rausand, Kristiansen, Stene, Molland, Simen og herr Norstrand + meg), koselig gjeng uansett. Filmen vi såg var Johnny English Reborn, men før filmen måtte vi sjølvsagt kjøpe litt for mykje smågodt og eventyrbrus. Filmen skuffa ikkje den, men så hadde eg heller ikkje forventningar. På bussturen sovna både eg og Thomas som satt ved siden av meg, i tillegg til ein god del andre. Bussturen gjekk med andre ord ikkje så sakte. Når vi kom tilbake til leir var klokka over midnatt vertfall, så gjekk og la oss med ein gong.

Dag seks

Vakna fyrst klokka sju på min fyrste laurdag her på basen. Synest at klokka sju blei litt tidleg, så prøvde å sovne igjenn. Er sikkert på at eg vakna kvart tjuande minutt heilt til klokka var halv 11, då det var meininga at vi skulle ete frokost. Prøvde å banke på rommet til Lise men fekk ikkje svar, så blei til at eg blei ståandes i gangen og prate til klokka blei litt over 11, som tydeligvis var då frokosten slutta. Vi trudde nemmelig den stengte klokka 12, derfor blei det ingen frokost på oss. Men vi fannt ut at vi heller skulle bli med Molland, Lerbæk og herr Norstrand på fjelltur. Blei til at vi kjørte innom Rema for å kjøpe kvikklunsj og turmix før vi kjørte vidare til dit vi skulle begynne å gå. Når vi nesten hadde kome opp på toppen av den fyrste toppen fekk Lise problem med foten sidan ho har beinhinnebetendelse eller noko slikt. Uansett ikkje spessielt behagelig. Derfor bestemmte vi oss heller for å gå innom Arresten å ta oss ein øl, prioriteringar. Når vi då imidlertidig kom ned dit var det nokså fullt, så då blei det heller cafebesøk med softis, cookie & varm sjokolade etterfulgt av ein øl ein time seinare. Var utruleg koselig. Seinare på kvelden fannt vi sjølvsagt ut at vi måtte ta oss ein bytur. Hadde det veldig veldig koselig, men fekk i meg litt for mykje i tillegg til at noko anna dukka opp utover natta, så då reiste eg egentlig berre tilbake til basen. Men hadde det vertfall ganske bra. Og medan dei aller fleste i frykt ikkje ville sjekke nettbanken sin, så hadde eg heldigvis berre kjøpt 3 øl, men så skulle eg jo egentlig berre ha dei tre, men sånn gjekk det ikkje...

Dag sju

I dag var det mykje snakk om gårsdagens eventyr med frokost, så satt litt ekstra lenge berre for å få med meg alt som hadde skjedd etter at eg gjekk, var tydeligvis ein del, men det treng eg ikkje gå nærare inn på her og no. Dagen har eigentlig berre gått til å slappe av og sjå på film, så ikkje stort å seie eigentlig. No er eg uansett klar for andre jobbveke, sjølv om eg gjerne skulle ha hatt ein dag til med fri.  Over og ut

Dag to og tre

Dag to

Heyhey og hallo.

Eg er tilbake, må fyrst få seie kor utruleg deilig det er å slutte tidleg. Tidleg då i forhold til arbeidstidene på rekruttskulen. Det var dagar då dagen starta klokka 06.00 og vara heilt til 19.00 på kvelden. No startar arbeidsdagen klokka 07.30 og sluttar 15.30. Så det er deeeeeeilig. I dag har eg egentlig berre gått rundt og hilsa på ein halv million befal (minst 400.00 kapteinar, ein oberst og nokre majorar.) Her oppe er vi på fornavn med befala i motsettning til på madla. På ein måte er det mykje greiare, men på ei anna side så må eg lære ti tusen navn og hugse dei. Etternavna er greie nokk sidan dei står på brystet med navnelappar, men fornavna? UMULEG! Anna enn det så har eg eigentlig berre gått rundt å fått informasjon om ein del forskjellige ting samt møte.

 

Dag tre

I dag begyndte vi dagen med fyfo*, men ettersom eg har skada foten og har fått beskjed av legen om å sitte stille, så satt eg egentlig for det meste stille og såg på dei andre. Dei avslutta med fotball, noko eg hadde lyst å bli med på. Men sånn er livet, kjem nokk fleire sjangsar. Uansett.... Andreas kom og henta oss etter fyfo klokka 10 og køyrde oss ned til der vi skal arbeide. Eg starta dagen med å gjere meg kjent med fotoutstyret, og blei sjølvsagt veldig gira med ein gong. Er ikkje ofte eg har så stor og fri tilgang på så mykje fotoutstyr. Deriblandt Canon EOS 1D Mark IV, og sjølv om eg er klar Nikon fan så må eg nokk innrømme at det slett ikkje er dårlige kamera eg har å leike meg med. Synast fortsatt det er litt skummelt å gå og vandre aleine i gangane og på basen, men eg blir vell vand med det etter kvart håpar eg. Litt spessielt ettersom eg ikkje heilt veit kor eg har lov å gå også. Men ja etter nokre få timar blei eg sendt ut på oppdrag for å teste kamera og ta litt bilete av Orion. Sto vell ute i sikkert ein time før vi gjekk inn og såg på bileta og vurdera dei. Så fekk vi ei megalevering på fotorammer, så då måtte vi rydde plass på kontoret. Noko som enda med at vi flytta på nokre fotorullar og fannt Nils, ein eigentlig ganske så stor og litt rar edderkopp. Ikkje så veldig lenge etter det hadde vi faktisk kome til 15:30, altså middagstid og slutt på arbeidsdag. Dagane hittill har gått utruleg raskt. Fannt så Lise og satt på med IB* tilbake til norcan. I mellomtida mellom middag og kveldsmat gjekk tida eigentlig berre til prating og kos på rommet. Halv 9 (eller halv 8) gjekk vi til kveldsmat der det nokk ein gong blei snakk om at vi er to stk her som har omtrendt det same etternavnet, noko som er veldig rart ettersom eg alltid brukar å vere den einaste nordstrand. Det er eg jo fortsatt, men vi har og han andre som heiter norstrand (så i bunn å grunn same shit). Men no har eg då blitt omdøypt til Fru Nor(d)strand....... Jaja.   Det var eigentlig det som skjedde i dag trur eg.

*fysisk fostring/gym

*ib, inspiserende befal

Endelig framme

Eg sit no å slappar av på rommet og skal snart legge meg til å sove. Men tenkte eg fyrst skulle prøve å oppdatere litt om kva som har skjedd sidan sist. Eg har reist i nesten heile dag, og har no endelig kome fram til Andenes, Andøya. Eg blei møtt på flyplassen av han som skal vere sjefen min dei neste to åra, og deretter kjørt vidare til forlegning av Andreas. Må berre få nevne det, alle er så hyggelige her! Han viste meg også rundt og fortalde kor alle dei forskjellige tinga ligg. Litt seinare på kvelden fekk vi også møtt resten av folka som bur på kaserna, veldig veldig koselig gjeng. Var også ute og åt pizza med dei litt etterpå.

Men ja tilbake til rommet mitt. Eg bur aleine på eit tomannsrom, noko som eigentlig er litt deilig. Men samtidig skulle eg ønskje at det budde ei til her. Men i november skal vi flytte inn på heilt ny kaserne, så då reknar eg med dei samlar alle jentene på rom, sidan vi der skal ha seksmannsrom. Men no må eg nesten prøve å få i meg litt søvn. Skal heldigvis ikkje opp så veldig tidlig, men halv sju blir det nokk.

Hei & hopp

 

vi = eg og dei to andre lærlingane som var der då.

tid for å flytte

Det har snart gått opp for meg at dette er min siste kveld heime på veldig veldig lenge. I morgon flyttar eg til Andenes, Andøya der eg skal bu i to år. Eg har jo budd i Stavanger på Madla i to månadar, men fekk 10 dagars perm før eg flytta vidare. Det verkar som eg har vore heime i minst ein månad, kanskje meir og eigentlig. Men for all del, det har vore veldig koselig å vere heime og få sett igjenn venar og familie, men eg er glad tida endelig er komen for at eg skal flytte vidare. Eg gledar meg utruleg mykje til å få begynne skikkelig med fotograferinga. Trur nokk det kan bli veldig spennande, og ikkje minst utfordrande. Men HEY, eg likar utfordringar. Desuttan så er eg i forsvaret for ein grunn. Håpar berre eg kan få bli igjenn når eg er ferdig med utdanninga.

Over og ut!

- Tidlegare rekrutt 148,02 Nordstrand

Les meir i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012



Mitt namn er Linda, eg er ei nitten år gammal jente i frå Volda. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, hjartebank (som Håkon tydeligvis ikkje skjønar meininga bak), og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ofte ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å bli konsert/festival fotograf. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For eit halvt år sida starta eg på mi fotografutdanning, også den i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits