Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Kaos og fortsatt Claro-fint.

Klokka 12.00 i går fannt eg ut at eg ville ha på meg litt gullglittrande hårpynt, eit kvitt perlekjede og ein brunprikka overdel. Desuttan var eg på jobb, rydda i stua nede, og måla endå meir Clarofint. Omtrendt nesten det same skal eg gjere i dag. No har til og med skrivebordet mitt fått Claro farge, og klesskapet mitt har fått flytta inn igjenn etter å ha måtte stått på gangen i ei veke. No er kottet mitt fortsatt ganske tomt, og eg likar det slik. Kunne ønske eg bere kunne ha det sånn, og at eg kunne kasta nesten alle tinga mine, det hadde vore fint. Men det kan eg ikkje. I dag har eg bestemmt at eg skal fylle hjerna mi med Kaizers Orchestra, då blir den lukkelig. Kanskje skal resten av tinga mine få flytte inn på rommet mitt igjenn i dag, kanskje. Eg trur kanskje syster er lei av at alle tinga mine ligg på rommet hennar.

Rett nedanfor her, vil eg legge inn eit bilete av mi vakkre nabojente.





Éit fint ord

lenabordvik

15.03.2010 kl.14:31

Sykt tøft bilde ! :)

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits