Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Fine fem ved dagen

I dag har eg:

1. Vore på cafè med nydelige Nirvana Sandra og Sunne Torstein. Det var fint. Dei har nydelig mat der, og så er det ei så fin atmosfære der. Der skulle eg ha vore oftare, dersom eg hadde hatt økonomi til cafè besøk kvar dag, men det har eg ikkje.


2.  Sakna Kaizers konserten veldig mykje. Det er no ein månad og 2 dagar sida. Det var ein fantastisk dag, verkelig.


3. Flytta inn resten av tinga mine til bøttekottet mitt, eg likar bøttekottet mitt no. Det er fortsatt tommare enn det har brukt å vere. Det er veldig fantastisk egentlig.

4. Gått opp og ned denne bakken ein gong (tur/retur). Det var slitsamt.


5. Funne ut at eg synast gamleskulen min er skumlare enn kapellet på kirkegården ved midnatt.



Éit fint ord

Frida Kristin

16.03.2010 kl.13:55

SV: Jeg skal dit 11-15. mai med ei venninne :) Da blir det shopping!

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits