Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

No forsvinn eg til oslo

No er det ikkje lenge til eg og Sunniva sit på flyet som skal frakte oss til oslo og Metallica konsert, eg gledar meg utrulig mykje. Eg  trur eg er ferdig å pakke, men eg har jo heilt sikkert gløymt noko, det gjer eg alltid. Kle er pakka, Kamera er tømt, Sminke er pakka, Billettar er pakka (snart), og Sunniva er våken. Hurra, hei og hopp. Eg trur eigentlig at det ikkje har gått opp for meg at eg reisar ganske snart, og at det er konsert i kveld, men snart, berre vent. No trur eg at eg skal pakke nokre småting til, og jage Sunniva ned på badet. Eg har stor tru på at det blir ein meget fin dag.

Skal du på Metallica konserten i dag?, eller var du i går?

2 fine ord

Marthe

16.04.2010 kl.18:45

Flott designet vart Linda! good job

tronds

17.04.2010 kl.12:22

Fint dere kom dere nedover før flyene stoppet da :)

SV: tja, du må nok bytte ut menykoden ja, men du kan få den akkurat slik du har den nå, bare å forandre litt på menykoden i det som skal i stilsettfilen. kan hjelpe deg med det hvis det er ønskelig :)

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits