Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Oslo & Metallica

Eg har no snart vore heime i tjuefire timar etter å ha vore i oslo med søte Sunniva. Vi hadde det heilt fantastisk, i vertfall til vi skulle reise heim igjen. Vi blei jo sjølvsagt ramma av vulkanaska vi også, derfor blei det ein ti-timars busstur i stadenfor ein flytur på ein time. Vi var framme i oslo rundt halv ett/ett. Då fannt vi ein peppes pizza og fannt ut at vi skulle ete middag der. Der blei det pizzabuffet og salat på oss begge to, og det var fantastisk godt. Etter ei lita stund møtte vi Monir og tok oss ein gåtur ned til Aker Brygge, og deretter "heim" til leiligheita. Den var stor og kjempefin, hadde absolutt ikkje takka nei til ei slik ei. På grunn av det nydelige veiret gjekk vi rett ut på altanen, der vi satt i ein god del timar før vi reiste til telenor arena for å sjå Metallica. Metallica var rett og slett fantastastisk, mildt sagt. Vi hadde sjølvsagt ståplassar og var aldri langt i frå scena. På slutten av konserten slapp dei ut massevis av svarte digre Metallica badeballar, Metallica er kule. Desuttan fekk eg tak i eit plekter òg, det skal ikkje meir til for å gjere meg lukkelig. På vei heim frå konserten fekk vi heldigvis kapra plass på ein av dei fem (?) første bussane. Det var også på bussen "heim" vi fekk vite om vulkanaska. Men tok det eigentlig ganske med ro. Vi var "heime" i ett-tida og  var våkne til 2/3-tida før vi la oss.

Eg og Sunniva fant oss kvar vår sofa, med jakkene våra som dyne. Alarmane våre stod på null fire femti fem, det var også då vi vakna, veldig trøtte og slitne etter under tre timar søvn. Etter at vi hadde sminka oss, pakka sekkane og gjort oss klare, sjekka vi internett, og vell vi fannt ut at flyplassane var stengde, derfor la vi oss ned på sofaane våre og sov til klokka åtte. Omtrendt kvart over åtte var vi ute av leiligheita og på frokostjakt. Etter det fannt vi ein trikk som frakta oss til jernbanetorget og til slutt busstasjonen der vi fannt bussen vår. Buss sjåføren kalte oss også for studiner i stadenfor studentar, og det var ganske koselig eigentlig. Då vi hadde kome til Gardermoen var bussen stappfull av gamle pensjonistar, som alle var sjuke og hosta konstant heile turen, fantastisk. Desuttan hadde både eg og Sunniva store problem med å få sove, så det blei ein veldig veldig lang busstur. I tillegg til det satt det eit eldre ektepar framfor oss, og dama ho var sur, veldig sur. Det einaste ho gjorde heile turen var å hoste og kjefte på mannen sin, som om han var sonen hennar, eg likte ho ikkje. Stakkars mann. På eid bytta vi buss, og ein halvtime seinare var eg heime. Det tok ikkje lang tid før eg sovna i den varme gode mjuke senga mi.


"She keeps Moet et Chandon
In a pretty cabinet
'Let them eat cake' she says
Just like Marie Antoinette
A built-in remedy
For Khrushchev and Kennedy
At anytime an invitation
You can't decline
"


søte-sunniva på bussen til oslo

sunniva og monir

sunniva

ei litt redd nina, monir og sunniva

meg, hurra for hatt

søt-sunniva

awesome metallica kiste i taket

side ein av plekteret eg fekk

side to av plekteret, hurra

8 fine ord

ANETTE

16.04.2010 kl.21:37

Likte det nye designet ditt:-D

Lotte Olsen

16.04.2010 kl.22:23

Fin blogg!:)

Kari Rasmussen

17.04.2010 kl.11:20

Så fin blogg du har :) Ønsker deg en riktig god helg søte deg <3

Marthe

17.04.2010 kl.12:33

Høres ut so dokka hadde d veldi kjekt, bortsett frå alle hoste folka på bussen :/

Renate - foto

17.04.2010 kl.12:35

Høres ut som en fin konsert! :-)

Renate - foto

17.04.2010 kl.15:01

sv: jeg bruker Nikon D3000 :-)

Karina

17.04.2010 kl.15:37

sv: DERFOR, Lindus :) Fordi ej lika Teletubbys :(

Fivreld

17.04.2010 kl.15:53

Marthe: ja det va en veldig fin konsert.

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits