Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Kjekke dagar

Den andre august starta med at pappa kom inn på rommet mitt og kneip meg i arma og sa at no reiste dei.

Pappa, Mamma, Lisjebror Eirik og Lisjebror Mats skal på telt/lavvo tur i nesten ei veke no, eg misunnar dei. Men eg skal jobbe og tjene litt pengar ,samt få redigert Sommarfesten bileta og Malakoff bileta ferdig. For no på fredag er det festival igjen, o hoy.
Då skal eg blandt anna sjå Gåte, Katzenjammer, Bare Egil Festivalen, Djerv, Datarock og ein heil del fleire.

I går kom eg heim etter å ha vore på festival aleine i to-tre dagar. Det var litt kjedelig å vere aleine, men eg fekk i vertfall gjort det eg skulle som var å fotografere. Bilete her kjem sikkert snart, saman med malakoff bileta. På festivalen møtte eg på supersøte Ane som eg gjekk i klasse med fyrste året media, ho var den eg var mest saman med det året, så det var kjempekoselig å sjå ho igjen. Desutten så var eg litt flink også, eg satte opp teltet til tre andre gutar, fordi dei etter å ha prøvd ein time fortsatt ikkje hadde klart det, og det regna og det regna. Så når teltet var ferdig oppsatt så hadde dei en liten dam inne i teltet. Sjølv satte eg teltet mitt under eit tre og brukte ti minutt på å sette opp mitt, som resulterte i eit tørt telt og ei glad Linda.

Har du hatt det fint i helga?

2 fine ord

Lucky Luke

03.08.2010 kl.02:31

haha, nice ^^ tørt telt iz teh shit!
//takk :)

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits