Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Festivalfrelst Fotograf

På søndag for snart to veker sidan så blei eg intervjua av Espen for lokalavisa vår møre. Intervjuet var om meg og min sommarjobb som festivalfotograf.


Om ein ser vekk frå biletet av meg øverst i intervjuet så er eg veldig fornøgd. Intervjuet kom i avisa på tirsdag. Dagen etter på onsdag hadde eg køyretime, og dette intervjuet blei til ein lang samtale under køyringa. Eg blei også stoppa av nokre av dei eg jobba saman med som kalla meg lokalkjendis, nei det har eg nok aldri tenkt å bli.

2 fine ord

fredrikke dorothea bolette

14.08.2010 kl.00:40

åååh. så søt du er. hihiihihihi.

jeg vil også bli intervjua.

og hei, det var jo et kjempefint bilde av deg!!!! :D

/fredrikke

Marthe

15.08.2010 kl.18:43

Va kjempe kjekt å lese d! ej syns d va et veldi fint bilde ta dej :D

Trur ikkje ej gadd å lese noke anna enn intervjuet ditt i avisa den dagen, hehe..

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits