Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

... eg har det ganske så fint

I dag har vore ganske fint, i vertfall frå etter eg var ferdig på skulen. Eg henta ein pakke på butikken frå FINE-Fredrikke ♥, i den låg denne nydelige skjønnheita. Eg gledar meg veldig til å få prøve ho, men eg må kjøpe film først.



Når eg kom heim så låg det ein pakke til å venta på meg på kjøkkenbordet, det var ca 1600 Jelly Belly, JellyBeans. Det er så utruleg godt!!  50 forskjellege smakar. Eg har smakt nokre få, men mest har nokk lisjesyster og veninna hennar ete. Eg gledar meg til å smake på alle, hittil har eg blandt anna smakt på Rødt Eple, Jordbær-Ostekake, Sjokoladepudding, Kirsebær og Caffe Latte, namnam. Pakken ser kanskje litt liten ut, men ein heil kilo med namnam ligg oppe i den.
 
I går jobba/fotograferte eg for Studenthuset Rokken i Volda, der eg tok bilete av Datarock. Det var fabelaktig og fint og fantastisk og herlig. No har eg netopp redigert ferdig bileta og sendt dei til Rokken, håpar dei likar dei, litt vertfall, kanskje noko av dei. Her er tre av dei (vil du sjå fleire så kan du gå inn på fotobloggen min):





Éit fint ord

Martotopia

06.09.2010 kl.22:20

ååååååååååh, hurra for fiskeaugefotografi!

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits