Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Livet smilar

Dei siste dagane har eg vore flink å mala veggar, tak og lister og tjent meg litt pengar. I kveld skal eg på Chasm konsert, i morgon skal eg på Skambankt i Bergen saman med Anette, Lily og fleire. Og på fredag skal eg på Skambankt i Brattvåg. Eg gledar meg som ein liten drittunge. Medan eg var vekke fekk eg også to pakkar i posten, her er den eine:


32 fine Mac sminkebørstar. Dei er kjempemjuke og så enkle å påføre sminke med. Eg elskar dei allereie.
No må eg berre prøve å skrive ferdig ei langsvarsoppgåve og gjere ferdig eit naturfag prosjekt så er eg klar til konsert i kveld. Eg skal jobbe men det blir veldig kjekt uansett, sidan eg skal fotografere i kveld. Eg gledar meg veldig til å høyre meir av det nye Chasm. Bilete frå konserten kjem mest sannsynlig snart på fotobloggen min (link) og på nettsidene til Rokken.no

3 fine ord

Lucky Luke

29.09.2010 kl.20:11

heldi!!!!

Ine-Charlotte

02.10.2010 kl.17:52

Oi, heldig! Jeg vil også ha mac-børster! :(

Fiia

05.10.2010 kl.10:46

Finfin blogg!

Får du fremkalt fisheye filmen din hos en vanlig fotobutikk?

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits