Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

om du lurte, sjølv om eg veit du ikkje gjorde det

Eg har hatt det fint.

Chasm for snart to uker siden var ganske bra, Skambankt i Bergen dagen etter var jævlig bra og Skambankt dagen etter det i Brattvåg var også fantastisk (men Bergen var best). Til Bergen kjørte vi harrybilen til pappa'n til Anette og hadde høgtlesning av "hjerteknuser". Det var meget fint å møte Anette og Lily igjenn, dei er søte. Så overnatta eg med søskenbarnet mitt på golvet på hybelen hans, når eg slo opp augene om morgonen var eg sjuk. Så eg besøkte fine Joanna ein liten tur før vi reiste inn til ålesund, eg satte meg på bussen heim, ho på hurtigbåten heim. Det var fint å møte ho òg. Når eg kom heim så hadde pappa fest, det var ein meget så kjekk laurdag, så var det plutselig blitt søndag og eg var sjuk og slapp og teit til fredagen etter, det var ikkje kjekt. Spessielt med tanke på at vi hadde haustferie. Så kom fredagen og eg (litt småsjuk) var på Beady Belle konsert aleine og fotograferte for Studenthuset Rokken. Beady Belle er litt for kjedelig for meg har eg funne ut, har også funne ut at eg ikkje klarar å ta bilete eg blir fornøgd med dersom eg ikkje likar musikken (eg visste det eigentlig frå før). Rare greier det der. I Ålesund fekk eg også henta finaste signerte Skambankt - Søvnløs vinylen min som finaste Anette var så snill å kjøpe for meg. For nokre dagar sidan fekk eg dei fine nye Navy-farga Conversa mine, og om nokre dagar ventar eg ein reflektor i posten og nokre ringar. Ja også fekk vi fire nye studentar i to fag i dag, eg jobbar med to av dei i PR-gruppa på Rokken. I dag er det forresten kaldt, veldig kaldt. Vil nokon kjøpe meg ny jakke? Tusen Takk til deg isåfall.

Kva har du gjort på då?

 

Bilete frå Chasm konserten her.

 

"På min finger har eg ringen din
og på ringen står det blankt
du er min hjerteknuser"

null ord

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits