Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

pause frå kvardagen

I morgon klokka 05:30 sit eg på ferga som skal frakte meg til volda, der eg skal finne bussen som vidare skal frakte meg til moa og vigra, og der eg vidare skal eg finne flyet som tek meg til oslo og paris. Eg gledar meg veldig og har verkelig trua på at eg kjem til å ha ei fortreffelig fin veke. Mandag til Fredag skal eg nemmelig befinne meg i paris, Fredag til Søndag er det oslo, kaizers orchestra, anette, mathias og alle dei andre fine. Eg har trua på at eg også klarar å få slappa litt av i denne veka, noko eg ikkje har klart på lenge, det slit meg ut. Eg har vertfall lova å fotografere mykje, å sende postkort og kjøpe små suvenirar til folk.



Når eg kjem heim frå paris og oslo skal eg søke vidare på diverse skular, og bli ferdig med opptaksprøvene til dei eg allereie har søkt på. Desuttan så er det ikkje så veldig veldig lenge til eg får svar frå forsvaret, fint.

1. Har du det fint?

2. Skal du besøke ein fin plass snart?

Éit fint ord

▲ annie

05.04.2011 kl.18:53

misunneliiiiii! send mej også et postkort, da! hihi ej he det IKKJE fint for ej e merkelig sjuk. halsen min e liksom død, trur ej. og ej ska ikkje besøke noken fine plassa på ei god stund :(

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits