Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Nervar

Sjølv om ikkje alt gjekk som planlagt så er eg endelig ferdig med vidaregåande. Det er heilt klart ein fantastisk følelse, men samtidig litt blanda, sidan eg på vidaregåande har hatt dei beste lærarane, men samtidig dei værste. Spessielt det siste året. Og samtidig som det igjenn så verka vidaregåande så trygt. Men no skal eg ut i den store vide verden. Eg skal jo fortsatt bu i det same landet, men i ein heilt annen landsdel, omtrendt 20 timar frå min heimstad. Eventuelt 17 dagar om ein vil gå. Eg er så utruleg nervøs, og har høyrt så mykje rart om rekrutten, den fyrste tida i forsvaret. Dette bekymrar meg litt, sidan eg er ganske dårlig trent. Men eg SKAL klare dette, dette er ein draum for meg. Desuttan så treng eg å gjere dette for meg sjølv. Det skal bli veldig godt å komme seg vekk frå det som no er min heimstad. Eg skal dei neste to åra bu på ei øy, med eit innbyggjartal som er meir enn dobbelt så lite som i kommuna eg no bur i. Det blir rart men godt. 

Eg reisar nedover til Madla og Stavanger på rekruttskule om omtrendt ein månad.

Ønsk meg lukke til, eg trur eg treng det.

4 fine ord

Karina

18.06.2011 kl.23:27

Lykke til Linda! :D

Linda

19.06.2011 kl.16:46

Lykke til Linda :))) ditta går kjempeflott :D

Kathrine

26.06.2011 kl.00:28

Lykke til, Linda! Ditta går flott! :D

Marthe

01.07.2011 kl.16:34

Lykke lykke lykke til Linda!! e so glad på dine vegne, ditte blir supert:D

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits