Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

tid for å flytte

Det har snart gått opp for meg at dette er min siste kveld heime på veldig veldig lenge. I morgon flyttar eg til Andenes, Andøya der eg skal bu i to år. Eg har jo budd i Stavanger på Madla i to månadar, men fekk 10 dagars perm før eg flytta vidare. Det verkar som eg har vore heime i minst ein månad, kanskje meir og eigentlig. Men for all del, det har vore veldig koselig å vere heime og få sett igjenn venar og familie, men eg er glad tida endelig er komen for at eg skal flytte vidare. Eg gledar meg utruleg mykje til å få begynne skikkelig med fotograferinga. Trur nokk det kan bli veldig spennande, og ikkje minst utfordrande. Men HEY, eg likar utfordringar. Desuttan så er eg i forsvaret for ein grunn. Håpar berre eg kan få bli igjenn når eg er ferdig med utdanninga.

Over og ut!

- Tidlegare rekrutt 148,02 Nordstrand

null ord

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits