Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Marsjtrening = AU! + GRATULERAR MED DAGEN

Etter litt marsjtrening der eg prøvde å gå inn dei nye to-nummer-for-store marsjskoa mine, så har eg prestert å få med to store grusomme gnagsår på begge hælane mine. Det er vertfall ikkje spessielt godt kan eg fortelje. Om du då ikkje har erfart det sjølv, men det kan eg jo nesten love at du har. Vell grunnen til at eg har altfor store sko er fordi eg skal gå Nijmegen i sommar. Altså ein nederlandsk millitær marsj der eg skal gå 4,2 mil kvar dag i fire dagar. Altså til saman 17 mil. Det blir fire veldig lange dagar. Vi har fått beskjed om at føttene våre kjem til å hovne opp ganske mykje og at vi derfor må ha for store sko.

Snakka såvidt med Fine-Kine, som tilfeldigvis er medic og kan kome med tips og dermed redde livet mitt.
Ho foreslo fotbad med grønnsåpevatn, eg gledar meg absolutt ikkje, ettersom føttene mine kreperar berre eg får ein dråpe vatn på dei. Men må ein så må ein. Skal også prøve å komme meg inn i dei litt for små permskoa mine i morgon (eller i dag blir det vell), sidan det tross alt er 17. mai. Dei er allerede vonde å gå i, så det blir ei utfordring. Men ein kan jo ikkje vere i forsvaret utan utfordring vell, HE HE.
Så vi kryssar fingrane for at godaste Kine har rett, at føttene mine blir bedre og at eg ikkje dør i morgon av permskoa mine, men om eg gjer det vil eg gjerne at det skal stå på gravsteinen min.

EDIT: Eg overlevde fotbadet, det gjorde utruleg nokk ikkje vondt, rart.

Eg gledar meg eigentlig litt til å ha på meg permuniformen igjenn, synast faktisk den er litt fin, sjølv om den har vore hata så mange gongar. Men det spørs om eg får føttene i skoa.

Får eg det, så skal eg stolt gå rundt å vise fram uniformen min.

 

GRATULERAR MED DAGEN GODTFOLK!

null ord

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits