Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Tilbakeblikk

Satt å kjørte ein liten tur saman med Mathilde for ca ein halvtime sidan for tredje dagen på rad, er så utruleg mykje fint å sjå her oppe. Å medan vi kjørte så kom eg til å tenkje på at det no berre er ca eit år og ei veke sidan fyrste gongen eg satte mine bein her på Andøya. Då kan de tru eg var spent. Omtrendt midt i russetida, full av feber og med propp i begge øyrene landa eg på flyplassen på Andenes, seint på kvelden. Huskar ikkje så veldig mykje av det bortsett frå at eg måtte dele rom med ei som allerede hadde sovna, og som var litt gretten fordi eg vekte ho. Men bortsett frå det så var ho veldig grei. Eg var jo då så heldig at eg to dagar seinare fekk telefon om at eg fekk lærlingplassen og at eg skulle flytte opp til øya. Så langt nord og så langt vekke frå familien. Var eigentlig ein veldig rar følelse, men også veldig god ein. Det er litt rart å tenkje på det no. Det verkar som om eg har vore her kjempelenge. Det er vertfall her eg passar best. Det er litt fint å tenkje på at eg no har to stadar eg kan kalle heime. Ein i nordnoreg og ein i vestnoreg.




Eit bilete frå min fyrste 17. Mai utan familien ved mi side. Dagen delte eg stort

sett saman med Gøril, Kine, Sondre, Lars, Mats, Sondre, Line & Mathilde.

 

Til slutt må eg berre få seie: Menn i bunad eller millitæruniform må vere noko

av det finaste! Tommel opp!

Éit fint ord

04.11.2012 kl.19:02

Det var ein fin dag LindaMi, glad eg fikk tilbringa dagen med deg! Og menn i bunad og uniform er digg!!

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits