Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Påskeferie

Denne veka er det jo påskeferie (for dei som har det), og eg er dermed så heldig å ha besøk av lisjesyster. Synast det var veldig godt å sjå ho igjenn, sidan det no er nesten tre månadar sidan eg såg ho sist. Det var då eg var heime på påskeferie. Amalie er jo no snart ferdig med vidaregåande og skal begynne som kokkelærling på hurtigruta. Dette betyr kort sagt at eg blir skjemt vekk til tusen med både middag og dessert. Kunne ikkje hatt det så mykje betre, om ein berre ser vekk ifrå at eg er dårlig selskap sidan eg har prestert å bli sjuk dei to siste dagane. Typisk nokk sidan eg ikkje har vore sjuk sidan juli i fjor, sjølvsagt måte det komme no. Men vi får berre kose oss så mykje vi kan.

 


*Bilete av lisjesyster som eg tok då eg var heime i jula.

2 fine ord

Asma Nora<33

27.03.2013 kl.08:23

Fin blogg! Lese min?

//fast leser!

RaversSpeech

27.03.2013 kl.08:35

digger bloggen din c:

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits