Related Posts with Thumbnails Eg er ein fivreld - www.fivreld.blogg.no

Gåver og besøksslutt

Dette skulle egentlig ha blitt posta i går, men av ein eller annan grunn merka eg i dag at det ikkje hadde blitt det, så here we go:

Då har eg omsider fått sendt lisjesyster på flyplassen (les: 13.00 i dag), ho har fortsatt ikkje kome seg heim, men eit steg lenger om ikkje anna. Veiret her oppe er mildt sagt ganske sterkt, så ho kom seg ikkje avgårde på mandag som planlagt. Men for min del var det jo berre koselig å ha besøk litt lenger :) Vi avslutta besøket i går kveld med å invitere ein gjeng på heimelaga hamburger og blåbærpai. Så det var jo veldig fantastisk. No i kveld var eg og Morten på besøk med Heidi, etter at dei fyrst var hos meg og åt litt blåbærpai-restar og henta posten, blomsterpotta og det flotte nye bildet til Heidi. Det skal de få sjå meir av veldig snart, for det har eg og. Men uansett. Heidi har netopp vore i USA, så eg var då så utruleg heldig å få litt gåver, hurra. Tusen tusen takk til Heidi. Eg blei kjempeglad!



* Skjønne lisjesyster har eg hatt besøk av i tolv dagar.

*Eg fekk meir kjøleskapspynt, slik at eg no kanskje kan huske alt eg skal

handle inn. Altså den søte lisje blomen.

*Også fekk eg to håndsåper frå Bath&BodyWorks som er heilt fantastiske

*Eg skjønnar ikkje kvifor alle mobilbileta mine roterar seg til å alltid stå feil

veg, men det gjer dei uansett. Denne blomsterpotta fekk eg også,

dei fire blomane er amerikanske måleeiningar, det samme er potta.

Fantastisk!


* Så den passa fint saman med den lisje samlinga mi.

null ord

Skriv fine nye ord




Eg er Vingsoldat/Korporal Nordstrand, av og til meir kjent som Linda, Sunnmøringen, eller Fotograflærlingen. Eg er ei snart tjue år gammal jente i frå Volda, som no har busett seg i det glade Nord. Her skal eg fortsette å bu, i vertfall litt over eit år til. Du har no kome til ein nynorsk blogg som skriv om fotografi, forsvaret, alt det rare hjartet mitt bankar for, og ein gong i blandt om fivreld. Eg legg også ut mine eigne bilete i håp om litt konstruktiv kritikk. Min draum er å kunne leve av fotografi, gjerne også kombinert med musikk. Eg bur for augneblinken på Andøya i Nord-Noreg og trivast bedre enn nokon gong. For snart eit år sidan starta eg på mi fotografutdanning, i forsvaret. Eg kunne ikkje hatt det bedre.

Bloggen blir skriven av © Linda L. Nordstrand og er beskytta av lova om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikkje kan kopiere tekst, bilete eller anna innhald utan skriftleg tillatelse.

hits